Stølen



Stølen Leim ligg 400 m over den vakre Aurlandsfjorden
På stølen treffer du budeiene og geitene våre og kanskje sauer og hestar og.
I Skjerdal har vi ein ubroten tradisjon for stølsdrift og vi har laga kvit og brun geitost i generasjonar. På vegen opp kjenner du den gode lukta av kokt brim


Turen til Leim frå garden der du parkerer bilen tek ca ein halv time. Det er ikkje langt, men nokså bratt og du treng gode sko.
Velkomen til støls for å kjøpe brun og kvit geitost!  Ta deg tid

Ope: 1. juli- 30.august
Tilbod:
Vi tek gjerne imot grupper på stølsbesøk. Da får du vere med å helse på geitene, koke brimost og mjølke geiter.
Stølsbesøk: 250,- pr person.

Servering av stølsmat for grupper – Ein smak av ulike produkt frå garden; ost, spekemat eplesaft m.m..  avsluttes med ostekake av husets ferskost og stølskaffi. Inntil 15 personar
Lunsj: 400,- pr person   

Likar du ”oppturar”  kan stølen Leim vere utgangspunkt for fjellturar til t.d. Blåskavlen eller Leimsnosi. Budeiene på Leim tilbyr guida tur til fjellstølen vår Øystølen (1000 m.o.h) med kløvhest.
Fjelltur: 500,- pr person inkludert mat på turen.

Ta kontakt for bestilling på telefon 94829431