Bli med til støls!



Stølen Leim ligg 400 m over den vakre Aurlandsfjorden
På stølen treffer du budeiene og geitene våre og kanskje sauer og hestar og.
I Skjerdal har vi ein ubroten tradisjon for stølsdrift og vi har laga kvit og brun geitost i generasjonar. På vegen opp kjenner du den gode lukta av kokt brim
Turen til Leim frå garden der du parkerer bilen tek ca ein halv time. Det er ikkje langt, men nokså bratt og du treng gode sko.
Velkomen til støls for å kjøpe brun og kvit geitost!
Ope: 1. juli - 30.august
Tilbod:
Vi tek gjerne imot grupper på stølsbesøk. Da får du vere med å helse på geitene, koke brimost og mjølke geiter.
Stølsbesøk: 150,- pr person.
Servering av stølsmat for grupper – Ein smak av ulike produkt frå garden; ost, spekemat eplesaft m.m.. avsluttes med mjelkekaker med brimost og stølskaffi. 
Lunsj: 450,- pr person
Likar du ”oppturar” kan stølen Leim vere utgangspunkt for fjellturar til t.d. Blåskavlen eller Leimsnosi. Budeiene på Leim tilbyr guida tur til fjellstølen vår Øystølen (1000 m.o.h) 
Fjelltur: 500,- pr person inkludert mat på turen.
Ta kontakt for bestilling på telefon 94829431

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar